Asiatisk Handicap og liveodds

Asiatisk Handicap

Hva er asiatisk handicapOm du driv med oddstipping, i stor eller liten skala, er liveodds og asiatisk handicap to konsept som ofte dukkar opp. Her får du ei kjapp innføring i dette, samt nokre tips til å utnytte det på best mogeleg måte!

Live-oddsen

Live-oddsen er ei form for tipping som går føre seg mens kampane pågår, i motsetning til å setje pengar før kampen tek til. For mange er dette den kjekkaste måten og tippe på, og enkelte svergar nesten kun til live-tipping.

Utvalet av spel

Utvalet av spel er kanskje ikkje like stort som det du får før kamp, men det er likevel rikeleg. Utfall, antall mål, kort og mykje anna, mellom anna hjørnespark, offside og forseelsar.
For å kunne tjene på live-tipping, krev det at ein har god kjennskap til den aktuelle sportsgreina. I fotball må ein, til dømes, kunne kjenne att mønster i ein kamp. Dette krev ein del erfaring, men det er ein del kjenneteikn ein kan sjå etter.

Liveodds og cornerspel

For min eigen del er det eit par ting som går att når eg først vel å setje pengar på livespel. Først og fremst går det på cornerspel. Dette gir ei god spenning, og gjer det kjekkare å følge med på kampane. Tempoet har alt å seie. Er det to angrepsvillige lag, og det tidleg kjem inn hjørnespark, kan ein ofte rekne med at det vil halde fram på denne måten, i alle fall fram til eit av laga eventuelt scorar. Med andre ord: ein må følge godt med heilt i starten, og lukte lunta tidleg.

Strategi Cornerspel

For her gjeld det å sikre seg den beste oddsen. Jo fleire cornerar, og høgare tempo, dess lavare vert oddsen for kva det totale antallet cornerspel i kampen endar på, etter fulltid. Samtidig må ein beherske seg sjølv, og ikkje verte frista for å tippe for mange hjørnespark, for tidlig.
Generelt sett kan ein rekne med mellom 5 og 10 corner i ein vanleg kamp. Alt under er noko lavt. Alt over er noko høgt. Over 15 er sjeldan, og over 20 er ytterst sjeldan.

Målspel på oddsen og liveoddsen

Relatert til spel på corner er sjølvsagt antall mål, men dette er eit meir populært spel, og kanskje litt vanskeligare å tippe, så vanlegvis er det både kjekkare og meir lønsamt med cornerspel. Det kan likevel bli aktuelt, og då gjeld det å vere på hugget om ein trur det ligg eit mål i lufta. Det same gjeld dersom favoritten i ein kamp får mål imot. Då kan ein rekne med at favoritten kjem til å gi alt for å ta igjen det tapte, og køyre på for å få inn både mål og corner.

Livespel på kort

Andre livespel som kan vere verdt å sjekke ut, er kortspel. Her kan ein velje mellom kort på spelarar, talet på kort til kvart av laga, eller det totale antalet kort i kampen. Her gjeld litt av det same, som nevnt over: Ein må sjå an kampen, og vere tidleg ute.
Om det er eit lokaloppgjer, eller to veldig fysiske lag, så kan det fort verte tøffe taklingar frå første minutt. Om då dommaren held korta i lomma lenge, kan oddsen stige, og det kan vere fristande, og kanskje lurt å slå til.

dommaren lykkast med å halde korta i lomma

Men det kan også slå feil ut, dersom dommaren lykkast med å halde korta i lomma, noko som kan skje, spesielt i kampar som er utsatt for det, som lokalderby. Her kan det også vere verdt å sjekke opp kven som dømmer, og om han har statistikk som viser kor mange kort han brukar å gi i snitt. Alt i alt: sjå an kampen, og prøv ein slant, om det virkar som korta snart kjem til å hagle!

Handicap og Asiatisk handicap

Eit anna omgrep som dukkar opp i samband med oddstipping, er handicap. Det mest kjente er det såkalla 3-vegs handicappet. Dette gir det eine laget enten eit forsprang eller eit undertal av mål, som gir eit alternativt utgangspunkt for kampen, sett opp mot 0-0, slik det vanlegvis er. Det vil seie at dersom for eksempel Rosenborg spelar mot Strindheim i cupen, og ein spelar -3 i handicap på Rosenborg, startar kampen med 0-3 til Strindheim. Då må Rosenborg vinne med minst 4 mål for at spelet skal gi gevinst. Dette kan også vere eit tilbod som livespel, men då må ein sjølvsagt gå ut frå kva stillinga er i kampen.

Asiatisk Handicap

Asiatisk handicap er ei anna form for handicap, som ikkje umiddelbart er like enkelt å forstå seg på. Likevel viser det seg at det har visse fordelar å kunne dette systemet, mellom anna på grunn av at det kan gi fordelaktig odds. Alternativet ”+0.5 Asian”, som betyr 0.5 i handicap, viser seg for eksempel ofte å gi bedre odds enn ”Dobbeltsjanse”, sjølv om dette er nøyaktig det same veddemålet. Kvifor det er slik, er uvisst, men høgare odds, gir bedre gevinst.
Under kan du sjå ein tabell som viser utfalla for asiatisk handicap.

 

Asiatisk Handicap

Asiatisk handicap over/under

Innanfor asiatisk handicap fins det også eit alternativ for talet på mål i ein kamp, også kalla over/under-tipping. Også denne varianten har ein ”europeisk” versjon, om ein kan kalle det det. Her fins det enten 0.5, 1, 1,5 2 osv. Men som i handicap for resultat, har den asiatiske versjonen her enda fleire alternativ, med 0,25 og 0,75. Og som vist over, gir det ofte halve gevinstar, eller halvparten tilbake.

Om ein til dømes tippar at det blir minst 1 mål i kampen, og det blir akkurat eit mål, får ein gevinst ved over 0,5, altså likt med vanlig over/ under- tipping. Ved 0ver 0,75 får ein halv gevinst. Ved over 1 får ein alt tilbake med nøyaktig eit mål. Og om ein vel over 1,25, og det blir kun eit mål, får ein halve innsatsen tilbake.
Under kan du sjå ei oversikt.

over under asiatisk handicap

Gjesteartikkel av Torger Havåg, 27 mai 2020 «Asiatisk Handicap og Live spel»
Barcelona Real Madrid

Beste odds på Barcelona og Real Madrid

Beste odds på Barcelona og Real Madrid og Gratis underholdning på El Clasico. Lørdag 24. oktober er det klart for et skikkelig oppgjør mellom Real Madrid og Barcelona. Du kan...

Odds på Norge

Høyeste odds på Norge mot Serbia

Høyeste odds på Norge får du for øyeblikket hos Pinnacle. Unibet er rett i hælene. Men oddsen vil forandre seg og vi tipper Coolbet som markedsfører seg med #Sjekkoddsen, helt...

Opplev gamle fotballøyeblikk

Nå kan du oppleve gamle fotballøyeblikk hos Coolbet. Et helt nytt konsept innen virtuell sport er ankommet Coolbet. Her kan du se og oppleve gamle klipp av fotballøyeblikk som du...